30. September 2017

Ein festival for barna!

Englebarn & Bøllefrø er ein barnefestival i Etne med opplevingar for dei små – musikk, konsertar, litteratur, leik, mat, konkurransar og andre spennande aktivitetar.

Me vaksne set pris på kvalitet og me synest barna fortener det same. Me vil gi barna ein spennande dag med opplevingar dei vil hugsa. 

Me er klar for 3. runde med barnefestival i Etne. Set av helga i kalenderen. Program for dagen kjem.

Kjøp billett

DRONNINGA AV FAMILIEPOP TIL ETNE

Christine Sandtorv & Stjernetellerbandet er klare for familiekonsert på Englebarn & Bøllefrøfestivalen i Etne 30. september. Her blir det discodansing for pappaer, stjernetellering og mykje moro for både små og store

Barne- og jubelblues på Englebarn og Bøllefrø

Når bluesbandet Good Time Charlie entrar scenen på barnefestivalen i Etne blir det i kjent GTC - «rhytm and blues» stil. Tekstane til bandet er på vestlandsdialekt og songane er lette og synge med på, i tillegg til mykje humor, dans og fri fantasi. Gled dykk!

Forteljeframsyning med Marianne Stenerud

Marianne har vore i Etne før, men denne gong gler ho seg til å koma og fortelja på årets festivalen vår. Marianne har funne eit magisk egg som er fyllt av forteljingar. Nokre av desse kan me vera så heldige å få med oss.

Etne Sparebank logo

Ein stor takk til Etne Sparebank

Me er veldig glade for at Etne Sparebank også i år stiller som gullsponsor for Englebarn & Bøllefrø barnefestival. Utan denne støtta hadde ikkje festivalen sett dagens ljos. Tusen takk! Me set stor pris på det!

Kjøp billett