EngleBARN & BØLLEFRØ

29. september 2018

Årets festival blir laurdag 29. september kl 10.00-16.00 på Skakke i Etne.

Barnefestivalen Englebarn & Bøllefrø vart arrangert for første gong i Etne våren 2015.
Englebarn & Bøllefrø er ein festival med eit godt og  innhaldsrikt program hovedsakleg for born- og unge mellom 3-13 år. I tillegg har me krydra det heile med nokre kjekke innslag for dei vaksne og.

Englebarn & Bøllefrø vil fylla festivalen med alt som hjarta kan begjæra for dei små, slik som mat, musikk, konsertar, litteratur, leik, konkurransar og mange andre aktivitetar. Ein felles nemnar vil vera kvalitet over heile fjøla. Som vaksen set me kvalitet i fokus, det vil me óg tilby borna våre. 

Englebarn & Bøllefrø blir arrangert på Skakkesenteret i Etne. Her ligg forholda til rette for gode opplevingar.

Arrangør av festivalen er den frivillige kulturorganisasjonen «Kulturlokomotivet» og Ungdomslaget Fram. Hovedmålet er å styrka eit allereie godt tilbod for både born og vaksne i distriktet.

Kjøp billett