Informasjon om programmet på Englebarn & Bøllefrø vert slept fortløpende så følg med på denne sida eller på Facebook sida vår.

Fuglen og det store eventyregget

Ein gong for lenge sidan fanst det eit magisk tre. På det treet vaks det ikkje blomar eller frukt, det vaks eventyr. Eventyra var søte og gode, eller dei var spennande, ja nesten skumle. Dei kunne vera vakre eller stygge, store eller små, lange eller korte, fartsfylte eller langsomme, gamle eller nye. ein dag kom ein stor raud fugl flygande. Han såg treet, fauk ned og åt alle eventyra som vaks på treet. Fuglen fauk vidare, men etterkvart måtte han legge eit egg, slik som fuglar gjer. Fuglen la så eit stort mystisk gullegg. Dette har Fortelje Marianne funne. Inni er alle eventyra som den store raude fuglen hadde ete, og nå er ho klar for å dele desse med barn og vaksne.

Framsyninga passar for både store og små, frå 4 år og oppover.

Kjøp billett